Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
DSC-2163-knut

Om Fyksesund landskapspark

Fyksesund ligg i Hardanger, i 1,5 times køyreavstand frå Bergen. Området har eit variert tilbod i vakker natur - i eit levande kulturlandskap som strekkjer seg århundre attende i tid.Landskapsparken vart skipa i 2007 og er eit lag for dei som bur og arbeider, har hytte eller eig grunn kring Fyksesundet. Me skal leggja til rette for auka bruk av Fyksesundet og landskapet rundt, på ein slik måte at natur, kultur og landskap vert tekne vare på. På austsida av Fyksesundet ligg bygdene Steinstø, Fykse, Klyve og Bjørke. På vestsida ligg Porsmyr, Rykkje, Flotve og Soldal. Grenda Botnen innerst i Fyksesundet er veglaus og berre tilgjengeleg med båt eller til fots over fjellet. Det er ca 400 fastbuande i området. Mange av bøndene i landskapsparken driv med sau, noko som landskapet ber preg av. Tre gardar driv med frukt. Elles er det eit variert næringsliv i Fyksesundet. Her finst restaurant, kafé, overnattingsverksemder, pølsemakeri, visningsanlegg for fiskeoppdrett, blåskjeloppdrett, båtruter og charterbåt, gartneri, keramisk verkstad, småkraftverk og anna.

Manfjell1-ingunn Steinstoe-89---Kopi-(640x480)-knut
IMG-0002-Roger DSC-1803-knut