Norsk nynorsk (Norway)English (United Kingdom)
Keine Übersetzungen vorhanden.

Overnatting

Vetlemyrane2008

Vetlemyrane

De er velkomne til å bu i Gamlestovo på tunet. Gamlestova er nyleg restaurert, godt utstyrt og har 7 sengeplassar. Vetlemyrane ligg fredeleg til 2,5 km frå Øystese i Hardanger, om lag 1,5 time frå Bergen med buss eller bil. Her ynskjer me velkomen til ein triveleg ferie tett på naturen i eit vakkert kulturlandskap. Storslått natur omkransar tunet, og her er store moglegheiter for varierte og gode friluftsopplevingar.

www.vetlemyrane.no

 

 

Sjoeloftet-5

Sjøtunet

Tre full utstyrte utleigeeiningar på Rykkje, ved utløpet av Fyksesundet, 5 km frå Øystese sentrum. Sjøloftet, Pakkhuset og Naustet ligg i sjøkanten på ein fruktgard med ei svært god beliggenheit. Nydeleg utsikt over fjorden og Folgefonna, og eiga strand like ved. Kvar av hyttene har separate uteområde. Utlån av båt og fiskeutstyr, sjølvplukk av bringebær/plommer og kjøt produsert på garden. Rykkje er eit ypparleg utgangspunkt for dagsutflukter i Hardanger, anten med bil, båt eller for gåturar i fjell og dalar.

www.sjotunet.no

 

naustferie

Naustferie

Naustferie held til i ei lun, sørvendt vik på Rykkje ved Fyksesund i Hardanger. Naustet ligg i sjøkanten, med eiga fjøre og eigen kai. Her kan du leiga båt og fiska deg fersk middag, eller sitja på altanen og nyta morgonkaffien... Naustet er godt utstyrt og har høg standard, nytt i 2010.

www.naustferie.no