Norsk nynorsk (Norway)English (United Kingdom)
Keine Übersetzungen vorhanden.

Servering

 

Middag i Gamlastovo Gardsrestaurant

Gamlastovo Gardsrestaurant -Fykse

Gamlastovo gardsrestaurant ligg på Fykse, den største grenda i Fyksesund Landskapspark, Hardanger. Menyen inneheld tradisjonsmat basert på lokale råvarer, mellom anna frå garden si eiga kjøtforedlingsbedrift. Hjarta i restauranten er ei stove frå 1810, som no er supplert med ei ny stor rundtømmerstove. Gardsrestauranten vart etablert i 1995, og er rekna som ein av dei mest spesielle og beste serveringsstadene i Hardanger. I programmet kan det inngå eit besøk i ei steinalderhole som finst på garden, Døse, der det vert tonefølgje av gamle hardingfeleslåttar. På garden finst også konferanse/selskapslokale Skykkjeskukkjen. For brudlaup, konfirmasjonar, lystige lag o.a.

www.gamlastovo.no

 

Steinstø Fruktgard gardsrestaurant

Steinstø Fruktgard

Steinstø Fruktgard ligg like ved Rv.7. På familiegarden vert det dyrka jordbær, bringebær, moreller, kirsebær, plommer, pærer og eple. Eit normalår utgjer dette ca 60 tonn frukt og bær, fordelt på over 70 ulike sortar, gamle og nye. Det meste vert selt direkte frå gardsutsalet: "Steinstø Frukt- og Kakebu", medan ein del vert vidareforedla på gardskjøkkenet til eplekaker, eplejuice, syltetøy og gelèar. Garden har eigen restaurant: "Kjedlaren". Den før så kalde kjellaren er vorten ljos, varm og triveleg, og store vindauge gjer at den flotte utsikta kan nytast til fulle. Kjedlaren kan nyttast til alle typar arrangement året rundt, til dømes åremålsdagar, barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, vennefestar eller blåturar. Lokalet rommar om lag seksti personar. På menyen står heimelaga tradisjonsmat, gjerne med lokale råvarer. Servering av lunsj, middag, koldtbord eller enklare rettar, alt etter gjestene sine ynskje. Skjenkeløyve for øl, vin og brennevin. Lokala er også veleigna til kurs og møte. Her er prosjektør, lerret og tilgang til Internett.
For grupper er det høve til omvisning i frukthagen. Dette kan kombinerast med sidersmaking
og/eller servering i restauranten eller kanskje ein fjordtur på Fyksesundet? Steinstø Fruktgard
kan også levera mat til ulike arrangement.

www.steinsto.no

 

Steinstø Frukt og Kakebu

Steinstø Frukt- og Kakebu

Like ved riksveg 7 ligg Steinstø Frukt- og Kakebu; gardsutsal og kafè. Frå sitjeplassar inne og ute kan du nyta den praktfulle utsikta over Hardangerfjorden med isbreen Folgefonna i himmelsynet. Kafeen byd på heimelaga småretter og kaffimat, og sjølvsagt – den verdskjende eplekaka. Kvar sundag er det høve til å kjøpa god, heimelaga middag. Det kan vera lurt å tinga plass på førehand.

Utsalet ligg vegg i vegg med kafeen. Her finn de frukt og bær fra garden, eigenprodusert eplejuice, syltetøy og bakverk, samt andre gardsmatprodukt frå lokale leverandørar. Utanom sesongen er det høve å leiga "Kakebua" til ulike arrangement.

www.steinsto.no

 

laks-copy

Hardanger Akvasenter

Hardanger Akvasenter er Noregs første visningsanlegg for oppdrett av fisk. Det ligg ved munningen til Fyksesundet, med Steinstø Fruktgard og Gamlastovo Gardsrestaurant like I nærleiken. I mottakssenteret på Steinstø kai finst innleiande utstillingar, og herfrå er det båt til oppdrettsanlegget og den flytande hovedbygningen. Her kan du følgja laksen sitt livsløp frå smolt til gourmet-mat i Paris eller Tokyo. Med undervasskamera får gjestene inntrykk av livet i merden, og ein kan sjølv gå rundt i anlegget for å studera laksen. I kafeen kan ein få seg lakserettar og annan lokal mat frå Hardanger.

www.akvasenter.no