Norsk nynorsk (Norway)English (United Kingdom)
Keine Übersetzungen vorhanden.

Gardsutsal

Steinstø Fruktgard

Steinstø Fruktgard

Steinstø Fruktgard ligg like ved Rv.7. På familiegarden vert det dyrka jordbær, bringebær, moreller, kirsebær, plommer, pærer og eple. Eit normalår utgjer dette ca 60 tonn frukt og bær, fordelt på over 70 ulike sortar, gamle og nye. Det meste vert selt direkte frå gardsutsalet: "Steinstø Frukt- og Kakebu", medan ein del vert vidareforedla på gardskjøkkenet til eplekaker, eplejuice, syltetøy og gelèar. Alt dette finn du også i utsalet saman med gardsmatprodukt frå andre lokale leverandørar; bl.a. honning, spekemat, krydder. Utsalet ligg vegg i vegg med kafeen.

www.steinsto.no

 

Mat fra Hardanger Gamlastovo Gardsrestaurant

Fykse 70/6 og Gamlastovo Gardsrestaurant

Fykse 70/6 as er ein lokal pølsemakarverkstad som ligg i den vakre grenda Fykse, saman med Gamlastovo Gardsrestaurant. Produkta er eigenutvikla, men basert på lokale råvarer og tradisjonelle framstillingsmåtar. Me produserer ulike spekepølser, middagspølser, grillmat, pålegg, posteiar og kva ganen måtte ynskja for eit godt måltid. Me har utsal på garden, der du kan få smaksprøvar og kjøpa produkt. Me tilbereder gjerne og eit måltid i restauranten om det er ynskjeleg. Ta av til Klyvevegen.

www.gamlastovo.no

 

Bjørnebruket i Hardanger Fyksesund Landskapspark

Bjørnebruket

Bjørnebruket ligg på Rykkje, langs RV 7 mellom Øystese og Fyksesund. Bruket ligg i ein liten dal ca 800 meter frå RV 7, med utsyn til Hardangerfjorden. Me sel m.a. eigne økologiske og lokalforedla lammeprodukt , som kan kjøpast i eige gardsutsal.

www.bjornebruket.no