Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)

Kva er geoturisme?

DSC-0460

Landskapsparkar er unike natur- og kulturlandskap. Bygdene i landskaps-parkane står saman for å gjere heimstaden til ein open, inkluderande og god stad å besøkje og bu. Formidling av gode historier og lokal kultur er med å gje gode opplevingar

Geoturisme er turisme som ivaretek, forsterkar og framhevar staden sin lokale eigenart – miljø, kultur, estetikk, kulturarv – og som kjem lokalsamfunnet til gode. Geoturisme viser forholdet mellom turisme og stadens personlegheit (”sense of place”). Mange spør: ”Kva er forskjellen mellom geoturisme, økoturisme og bærekraftig turisme?” Økoturisme fokuserer på natur; det er eit nisjemarked. Geoturisme er ikkje ei nisje, det handlar om alt som gjev ein stad eigenart. Geoturisme må naturligvis vera bærekraftig – men den fokuserer djupare, på alle naturlege og menneskelege kjenneteikn som gjer ein stad verdt a besøkja. Dette inkluderer flora og fauna, historiske byggverk og arkeologiske stader, storslått natur, tradisjonell arkitektur. Vidare alt som bidreg til lokal kultur, heriblant musikk, handverk, dans og andre kunstformer. For ikkje a gløyma matlaging, det tradisjonelle gardsbruk og jakt, som kokekunsten er basert på.

DSC-1902 3-soete-smaa-i-eplakasse-Hei-copy
IMG-5108 aktivt-sauedrift